Gratis utlån til frivillige lag og foreiningar, skular, barnehagar og SFO.
Aktivitetar for born og ungdom vert prioritert ved utlån.
Settet er ei kasse med fleire vannfaste finerplater med hurtigkoplingar. Slik at du kan lage former som du kan fylle med snø. Etter at du har pakka snøen tek du vekk forma og har ein klosse som kan inngå som ein del av eit byggverk - eller som du straks kan forme til fantastiske snøskulpturar etter din eigen fantasi og skaparglede!
Settet er relativt greitt å flytte rundt på - men på grunn av eigenvekta er det lurt å planlegge at ein er to vaksne på transporten til og frå der det skal nyttast.
TIPS til snøforming:
Vi tilrår rettleiaren frå Friluftsrådenes Landsforbund med utfyllande informasjon om korleis du kan nytte setta med snøforming og tips til undervisningsopplegg.
Her kan du laste ned "La det snø"
I perioder er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig.
Vi ber deg difor om å vente du har motteke stadfesting frå oss.
NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.
Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!
Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!
Kalenderen under viser kva tid utstyr er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.
Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss (ikkje den automatiske du får frå skjemaet) om at utstyret er ledig for deg!