- Det er historisk at alle kommunane no er samla i friluftsrådet. Med 14 medlemskommunar blir vi blant dei største av dei 28 friluftsråda i landet, seier styreleiar Eva Hove i Sunnmøre friluftsråd.
Totalt er det 156.000 innbyggjarar i medlemskommunene.
- Vi er veldig glade for å ha fått med Hareid og Sande også i friluftsfamilien vår. Det er med på å styrke arbeidet vårt ut mot kommunane. Og det ligg eit godt potensiale for kommunane å vere med i Sunnmøre friluftsråd, seier Anne Berit Støyva Emblem, dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd. Ho understrekar at formelt medlemsskap ikkje er gjort endå, men at dei to nye kommunane vil bli tatt opp som medlemmer av representantskapet i mars.