Grindstova_StafsethnesetUnknown_Christian_OEdegaard.jpeg

Ny Naturmøteplass på Stafsethneset

Onsdag 19. januar opnar ny Naturmøteplass i den nybygde Grindstova til Sunnmøre friluftsråd på Stafsethneset i Ålesund.

Kvar onsdag

Kvar veke framover, frå og med 19. januar, blir det fast Naturmøteplass på Stafsethneset i Vegsund mellom klokka 11.30-13.30. Her kan alle som har muligheit møte opp og varme seg rundt bålpannene medan ein får seg ein god prat med både vertar og andre besøkende. 

Som vertar til den nye Naturmøteplassen har vi fått med oss nokre elevar og lærarar ved Blindheim Ungdomsskule, og Stafsethneset alternative skole. Desse vil ta vel imot alle som kjem og servere både varm drikke og noko å bite i.