Bålet brenn og kaffien er klar i eit fast tidsrom på ein fast stad ein bestemt dag kvar veke. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat.
Sunnmøre friluftsråd bidreg så langt til seks naturmøteplassar:
- Dam 2 på Aksla i Ålesund kommune (tysdagar kl. 12-14)
- Kaffivika i Sula kommune (tysdagar kl. 11-13)
- Kråkvika i Vestnes kommune (torsdagar kl. 12.30-14.30)
- Bugardsmyrane i Ulstein kommune (tysdagar kl. 12-14)
- Grindstova på Stafsethneset i Vegsund i Ålesund kommune (onsdagar 11.30-13.30).
- Øygarden i Valldal i Fjord kommune (tysdagar i oddetalsveker
kl. 12-14)