Grindstova.-Foto-Christian-__degaard.jpg

Førjulshygge med opning av Grindstova på Stafsethneset

Sunnmøre Friluftsråd inviterer til førjulshygge med opning av den nybygde Grindstova på Stafsethneset onsdag 15. desember.


Med nisseløype, gløgg og bål, blir det kjekt for både små og store.

Det er lagt opp til to samlingstidspunkt, mellom klokka 11-13 og klokka 17-19.

Mange aktivitetar

I skogen blir det nisseløype der ein kan få bryne seg på spenstige oppgåver. Det blir også juleverkstad der ein kan få lage nellikappelsin, grille eple eller brenne kaffebønner. Det er også svært sannsynleg at sjølvaste nissefar tek seg ein tur utpå kvelden.


Sunnmøre Friluftsråd er stolte og glade over å kunne opne den nye Grindstova, bygd etter gammal vestlandsk byggeteknikk, som har blitt sett opp på Stafsethneset i løpet av året. Grindstova er bygd etter innhenta tilbod, og med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Dette har blitt eit praktbygg som friluftsrådet planlegg å ta i bruk som ny naturmøteplass.

Offisiell opning av grindstova blir klokka 18. Her tek vi sikte på å få med eit musikkorps som vil få opp julestemninga ved å spele nokre julesongar.

Bli med oss og nyt lukta av skog, bål og jul - med senka skuldrer.

Arrangementet er ope for alle. Ta med hovudlykt, eigen kopp og kanskje ei nisselue.

Om ein vil, kan ein kan sjølvsagt ta med sin eigen kveldsmat.