Turgaaarar_i_snoe_IMG_20210214_192026_630_HBE.jpg

Få sprekare tilsette med Stikk UT! Bedrift

Ønsker di bedrift å bidra til sprekare tilsette, auka trivsel og lågare sjukefråvere? Då kan det vere verdt å melde seg på Stikk UT! Bedrift. 

Stikk UT! Bedrift passar for alle arbeidsplassar som ønsker å førebygge sjukefråvere, motivere tilsette til fysisk aktivitet og ikkje minst skape gode naturopplevingar, som kan delast rundt lunsjbordet.

Pakkeløysingar

No står vintersesongen for tur med nærmare 300 turmål i fylket, 132 skiturar og 167 fotturar.

Ein kan enten melde seg på til vinterturane, eller ein kan melde seg på både vinter og sommar 2022 og få ein god pris på det.

Stikk ut Bedrift har tre ulike pakkeløysingar til ulike prisar. 


Grøn pakke inkluderer tilgang til registreringsløysing og statistikk for tilsette i bedrift.  

Blå pakke inkluderer tilgang til registreringsløysing og statistikk for tilsette i bedrifta. Det er muleg å legge til avdelinger (maks seks).

Raud pakke inkluderer tilgang til registreringsløysing og statistikk for tilsette i bedrifta. Det er muleg å legge til avdelingar (maks 10). 

Her kan du lese meir og melde på di bedrift: 

https://www.stikkut.no/stikkut/om-stikk-ut-bedrift