NETTVERK_MARIN_Molde_2021_VascoPinhol-gruppebilde_frivillige.jpg

Stor deltaking og sterkt engasjement på konferansen om marin forsøpling første helga i november 2021. Foto: Vasco S. Pinhol.

Samla til kamp mot marin forsøpling

«For å stoppe plastforureininga, må vi ha bedriftene med på laget» seier Louise Holmelund Tackmann, som er koordinator for Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal. Saman med kollegaer frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Runde Miljøsenter og Sunnmøre friluftsråd inviterte ho til bedriftskonferanse og samling for dei frivillige strandryddarane første helga i november.  

Godt samarbeid

Med eit variert program, fekk dei om lag femti deltakarane frå heile fylket høyre blant anna korleis Nordøyvegen, Sykehusbygg og EPS-foreininga aktivt arbeider for at deira verksemd skal påverke omgjevande minst mogeleg. «Desse er ærlege på at forsøpling er eit problem, og at innsatsen til bedriftene for å forhindre dette, gjeld frå gravemaskinførar til direktør. Dette viser eit genuint engasjement, og ikkje berre eit forsøk på grønvasking» seier Patrick Gule, ansvarleg for arbeidet mot marin forsøpling i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Ny teknologi blir ofte løfta fram som ei løysing på miljøkrisa vi står i, og konferansen hadde også innlegg frå blant andre QuantaFuel, som viste korleis plast kan resirkulerast og bli brukt på ny. 


OL-roar Martin Helseth og fotograf og marinbiolog Vasco S. Pinhol fortalte om den felles kjærleiken til havet og alt det fantastiske livet som finst i denne verda vi til vanleg ikkje ser, og som er truga av menneskeleg aktivitet. «På dei siste femti åra har menneska sett like store spor på jorda som dinosaurane brukte 165 millionar år på» fortalte Pinhol til ei bevega forsamling. 


Blant dei frivillige var det mange tema å ta opp, mellom anna korleis halde motivasjonen oppe, kva dei ulike organisasjonane i nettverket arbeider med, og kva for planar dei har vidare. Handelens Miljøfond, som saman med Miljødirektoratet også er ein bidragsytar til nettverket, deltok digitalt frå Oslo. Terje Eckhoff oppdaterte om status på Rydd Norge-prosjektet, som skal rydde 40% av kysten i Noreg innan 2023. Men viktigast av alt var kanskje det sosiale samværet etter mange månader med arbeid åleine i fjøra.


Nettverket er ope for alle som ønskjer å arbeide for eit reinare miljø, du finn dei på Facebook, Instagram og LinkdIn.