P5050287_2291.jpg

2021 Grunnkurs 05.-06.oktober >

Påmeldingsskjema til grunnkurs for lærarar i kajakknettverket. 

Grunnkurs hav

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. Grunnkurset handler om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. 

Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Du får låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal lære på kurset.

Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.

Friluftsrådet har nokre få våtdrakter til utlån, men invester gjerne i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt eller lån privat.
Men det kan vere lurt å vente med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. (Mellom anna skattekammeret i Ålesund.)
Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar

Kursleiar: Dag Roland
Vegleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: tysdag 05.okt og onsdag 06.okt

Tidspunkt: ca 0830-1630 (ca 8 timar kvar dag) 

Kursstad
Dag 1 på Stafsethneset  i Vegsundet
Dag 2 på friluftsrådet sitt lager på Kongshaugstranda 105  (på Sulasida av Vegsundbrua)

Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padleforbundet: Grunnkurs hav

Utfyllande informasjon og køyrerettleiing blir sendt til påmeldte!

Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!

Påmeldingsfrist så raskt som råd!
Påmeldinga er bindande.

Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.

Vi må desverre ta høgde for at det kan bli endringar på kort varsel på grunn av vêr eller om koronasituasjonen skulle endre seg før kurset.
I forhold til Korona vil vi gjennom kurset klare å praktisere avstand til kvarandre, med unntak av kameratredningsøvingar. Vi legg då opp til at de primært då jobbar i par frå same skule.

Nettverksskule
Nettverksskule:* 
















Våttkortutdanninga er knytt til deg personleg. Vi treng din personlege informasjon for å registrere dette med padleforbundet.
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Adresse:* 
Postnummer:* 
Poststad:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Fødselsdato:* 
dd.mm.år
Velg dato
Kjønn:* 


Medlemsklubb: 
Fyll berre ut om du er medlem av ein padleklubb registrert i Norges padleforbund
Vil motta e-post:* 
Gjeld informasjon direkte frå Norges padleforbund


Våttkortnummer: 
Utdanninga di i våttkortstigen er knytt til deg personleg og til det nummeret som står på våttkortet. Har du allereie våttkort med padleforbundet er det difor viktig at du skriv våttkortnummeret ditt her så vi får registrert kurset rett i systemet. Nummeret står trykt på kortet ditt. Har du ikkje våttkort let du feltet stå opent.
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Kajakkerfaring:* 
Kva kajakkerfaring har du frå før?



Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra i arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.