Tabell_spoersma_og_778_l_partia_MR_friluftslivspolitikk.png

Kva meiner stortingskandidatane i Møre og Romsdal om friluftslivspolitikk?

Fleirtalet av førstekandidatane til den nye Mørebenken seier rungande ja til grunnlovsfesting av Allemannsretten og meir pengar til friluftslivet. Men hos Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet er ikkje friluftslivspolitikken like tydeleg. Det viser svara på fem spørsmål vi har sendt dei.

Veka før stortingsvalet er oså Friluftslivets veke. Men kor viktig er friluftslivspolitikken for kandidatane som kjempar om plass på den nye Mørebenken? I staden for å invitere til bålsamtalar eller andre typar arrangement for travle politikarar no i valkampen, har dei to friluftsråda i fylket, SF og FNR, utfordra førstekandidatane til å svare på fem konkrete spørsmål som er viktige for friluftslivet: 

- Grunnlovsfesting av Allemannsretten 
- Auka statlege tilskot til friluftslivet 
- Statleg sikring (kjøp) av fleire viktige friluftsområde 
- Prioritere meir av spelemidlane til friluftsliv 
- Krafttak for bygging av samanhengande gang- og sykkelvegnett 

MDG, SV, V, KrF, Ap og Raudt har dei mest positive svara på alle spørsmåla, medan svara frå Høgre og Frp tyder på at dei er mindre opptekne av å kjempe for midlar til friluftslivet framfor andre saker. For Senterpartiet sin del, er det litt uavklart kva partiet vil bestemme seg for. - Friluftslivet er avhengig av politiske vilje og offentlege løyvingar for å kunne legge til rette for befolkninga, seier dei daglege leiarane i dei to friluftsråda i Møre og Romsdal. Det er stortingspolitikarane som avgjer rammer og lovverk. Å legge ansvaret for finansieringa på kommunane og fylka er ikkje rett. Løyvingane til friluftslivet er reduserte i dei siste statsbudsjetta, og det må endrast om friluftslivet ikkje skal bli taparen igjen. Vi treng stortingspolitikarar som er medvitne på friluftslivpolitikken. Vedlagt tabell og ein presentasjon av kva partia har svart på kvart av spørsmåla frå friluftsråda, slik at lesaren kan samanlikne på tvers av partia. I tillegg har vi forsøkt oss på ei samla oppsummering av dei konkreta svara i ein enkel tabell. 
 
download   Stortingskandidatane_i_Møre_og_Romsdal_sine_svar på fem spørsmål_om_friluftsliv_og_politikk