Skjermbilde_Naturlos_haust_2021.PNG

Naturlos i haust

Har du lyst til å gå tur saman med ordføraren din eller andre turleiarar? Det blir det mange høve til i haust: Finn turar du har lyst til å ta i haustens Naturlosavis!

Sunnmøre friluftsråd har i mange år gitt ut to Naturlosaviser i året, vår og haust, i samarbeid med Nytt i Uka. Det sette koronapandemien ein stoppar for i 2020 og no i vår. Men no er kontrollen med pandemien så god, og vaksineringa kome så langt, at ordførarar, lag og organisasjonar igjen kan invitere til gratis turar rundt om i medlemskommunane til friluftsrådet.  

 Vi har samla informasjon om dei vi har fått vite om, og gir ut Naturlos for hausten 2021. Her finn du både lette og tøffe turar, alle med turleiar.  Dessverre er det ikkje turar med i alle medlemskommunane, men det håper vi å få til i neste utgåve til våren, dersom pandemien tillét det. Plukk ut turane du har lyst til å delta på og bli med! Det er gratis, og alle er velkomne.

Du kan også lese avisa her: 
      
      
download   Naturlos_aug-okt._2021.pdf