118378681_1242930672708818_2858537054396693338_n.jpg

Ledig stilling i friluftsrådet: Fagleiar marin forsøpling

Vi søker ein engasjert og strukturert prosjektleiar som kan oppnå resultat i innsamling av marint søppel. Fagleiaren skal jobbe tett med skjergardstenesta. Stillinga er ei kombinert kontor- og operativ stilling. Søknadsfrist: 8.8.2021

Dei viktigaste oppgåvene og ansvar vil vere:


- Koordinere frivillig arbeid i strandryddig, og vere ein pådrivar for og gjennomføre aksjonar.
- Prosjektleiaransvar (prosjekt- og økonomistyring, registrering, rapportering, søknadsskriving etc)
- Drifte Nettverk Marin forsøpling Møre og Romsdal i samarbeid med Runde Miljøsenter og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
- Kunnskapsformidling og haldningsskapande arbeid opp mot skular, kommunar, næringsliv.

Kvalifikasjonar:


- Engasjement i ivaretaking av marint miljø.
- Utdanning bachelornivå - fleire fagretningar kan vere aktuelle. Relevant yrkeserfaring og basiskunnskap om marint miljø er ein fordel. Erfaring med å jobbe prosjektbasert     og å oppnå resultat gjennom samarbeid/nettverk.
- Bilsertifikat, båtførarbevis og erfaring med bruk av båt er ein fordel, stillinga er delvis operativ.
- Sjølvstendig, strukturert og systematisk som held god oversikt. Rapportering gjennom excel. Gode samarbeids- og formidlingsevner både skriftleg og munnleg.           Administrasjonsspråket i friluftsrådet er nynorsk.

Les heile annonsa her: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9802f3d7-3e74-4fc3-8e3f-a173a9b512c2

Kontakt annhelen@friluftsraadet.no for å få vite meir om denne spennande stillinga!