Barn_lavvu.jpg

Venor ovnslavvo

Lavvolån 2022 >

Skjema for lån av lavvo 

Friluftsrådet låner ut gratis lavvoar til lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO.

Aktivitetar for born og ungdom vert prioritert ved utlån.

I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig på eit gitt tidspunkt.

Vi ber deg difor om å vente du har motteke stadfesting frå oss. NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.

Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!

Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!

Enstangslavvoar:

6 stk Venor 8-10 manns

Vi har valt å satse på kraftige enstangslavvoar frå Venor. Duken er av bomull/polyester blanding som gir betre luft/mindre kondens og som er meir motstandsdyktig mot gneistar og varme enn teltdukar av rein kunstfiber. Sidan duken er kraftig vert lavvoen relativt tung og stor. Vekta er omlag 16 kg.

Ovnslavvoar:

3 stk  Venor ovnslavvo   8-manns

Ovnslavvoane står godt også utan pluggar om det ikkje er mykje vind. Det er ingen stang i midten - men stengene ligg langs duken noko som gir betre plass inne i lavvoen.

 Ver merksam på at duk og stenger er tunge ca 15 kg kvar. Men vert transportert kvar for seg. Total vekt duk+stang er ca 35kg

Kalenderen under viser kva tid telta er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.

Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss om at utstyret er ledig for deg!  Og ikkje den automatiske e-posten du får når du sender inn skjemaet.


Ditt namn:* 
Organisasjon/skule/bhg:* 
Di epostadresse:* 
Stadfesting på utfylt skjema blir sendt til denne e-post adressa når du klikker send inn. Dersom du ikkje mottar stadfesting så har du anten skrive feil e-post adresse, eller at stadfestinga ligg i søppelpost/spam filter i din eigen e-post server
Mobiltelefon/tlf:* 
Målgruppe:* 











Kommune:* 
I kva medlemskommune og geografisk område skal du bruke utstyret?





















Frå dato:*  Velg dato
Til dato:* 
Hugs at du må rekne minimum 2 dagar ekstra til tørking av lavvo!
Velg dato
Talet på deltakar under 18år:* 
Det er viktig for Friluftsrådet å få registert bruken av utstyret!
Talet på deltakarar over 18år:* 
Type lavvo:* 
Her kan du krysse av kva lavvo du vil låne. Treng du fleire lavvoar så kryssar du av for fleire telt!









Levere lavvoane tørre og reine attende:* 
Eg er klar over at lavvoane skal leverast tørre, og ved behov reingjort, attende til Friluftsrådet. Dersom lavvoane vert levert skitne eller våte aksepterer eg at eg må betale ei rekning på friluftsrådet sitt arbeid med tørking og pakking for kr 600.- per arbeidstime.

Erstatning ved feil bruk:* 
Utlånet er i utgangspunktet gratis og normal slitasje vert dekt av friluftsrådet. Skade på grunn av hærverk/herjing eller bruk som ein med sunn fornuft skal forstå kan skade utstyret kan verte kravd refundert av friluftsrådet. Nokre eksempel på bruk som ein med sunn fornuft skal forstå kan vere til skade: lavvo som står utan tilsyn i store snømengder, lavvo som står utan tilsyn i sterk vind, for stort bål i forhold til avstand til teltduk (tenk også eigen tryggleik), bruk av kniv/skarpe gjenstandar ved lavvoduken. Lavvo som står utan tilsyn og vert nytta og øydelagt av andre. Lavvo som ligg ute i vêr og vind utan tilsyn. Lavvo som vert lagt eller nytta i avføring frå dyr eller fuglar.