2020-10-12-12.56.39.jpg

2021 Teknikkurs 03.-04.sept >

Påmeldingsskjema til lærarar i kajakknettverket. 
Dette kurset blir gjennomført fredag 03.-laurdag 04.sept

Teknikkurs hav

Teknikkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir opplæring i grunnleggande teknikkar i turpadling og vurdering av tryggleik. Etter endt kurs skal deltakarane kunne utføre god teknikk i rolege omgivelsar.

Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Dette er første påbygging etter grunnkurset og gir deg enda større meistringsglede gjennom auka repertoar av teknikkar og kjennskap til kajakken. 

Du får låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal lære på kurset!

Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.

Friluftsrådet har nokre få våtdrakter til utlån, men invester gjerne i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt eller lån privat.
Men det kan vere lurt å vente med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar

Kursleiar: Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: Fredag 03.- og laurdag 04.sept

Tidspunkt: ca 9-17 (8 timar kvar dag) 

Kursstad
Stavsethneset

Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padleforbundet: Teknikkurs hav

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!

Påmeldingsfrist: Så rask som råd!
Påmeldinga er bindande.
Påmelding så raskt som råd!

Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 4 deltakarar.

Vi må desverre ta høgde for at det kan bli endringar på kort varsel på grunn av koronasituasjonen og eventuelt vaksineringsprogram.
Evt avbod eller tilpassing av gjennomføring for vaksinering gjeld sjølvsagt også for alle.

Nettverksskule
Nettverksskule:* 














Kort registrering
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Våttkortnr:* 
Kva er nummeret som står på baksida av våttkortet ditt?
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Kajakkerfaring:* 
Kva kajakkerfaring har du frå før?



Kartdatabasen Læring i friluft:* 
Har du oppretta eigen profil i kartdatabasen læring i friluft og lagt inn undervisningsopplegg der? Kartdatabasen finn du her: https://friluftsforvaltning.avinet.no/stedsbasert


Løyve til bruk av bilde og samtykke
Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.