2015-04-19_14.22.51.jpg

Start med turar i eigen kommune

Som vi gler oss til Stikk UT! startar 1. mai! Eit lite skår i gleda er likevel smittesituasjonen i Ålesund, Sula og Giske. Fram til 9. mai ber vi innbyggjarane om å ikkje reise ut av kommunen for å gå tur.

Å kome seg ut på tur i frisk luft er balsam for både kropp og sjel, og faren for smitte er langt mindre i friluft enn innandørs. Vi oppmodar derfor alle som kan om å delta i Stikk UT!. Det går fint å halde avstand og samtidig smile og helse på dei ein møter. I samsvar med den lokale forskrifta for smittevern i Ålesund, Giske og Sula, oppmodar vi alle om å bruke turmåla i eigen kommune no i starten av sesongen. Der er turar i alle vanskegrader å velje mellom - og så kan vi glede oss til å utforske turane i andre kommunar når smittesituasjonen har betra seg. 

God tur!