Fagfornyinga i skulen har folkehelse, livsmeistring og berekraft som overordna målsetningar og stiller store krav til dei tilsette i skulen om å omsette desse omgrepa til praksis. Rørsle og leik er blitt løfta fram som sentrale metodar, men forsking viser at mange tilsette i skulen treng fagleg og praktisk påfyll for å gjere denne jobben enda betre. Vi har derfor utvikla ein praktisk verkstad der temaet er: rørsle og leik ute sett i eit fysisk, sosialt og kreativt perspektiv.
Verkstaden inspirerer oss alle til å kjenne på gleda i rørsle og uteleik, og til å sjå på nye moglegheiter for å bruke det i kvardagen. Det vil gje skulane gode, praktiske verktøy som kan brukast rett inn i undervisninga og skape større medvit om samanhengen mellom kropp, kjensler og tankar. Her legg vi vekt på at praksis og refleksjon går hand i hand.
Leiken sin eigenverdi er sentral, meir allsidig rørsle gir meir glede for alle og ikkje minst: Korleis bygge opp eit stort leikerepertoar som kan brukast til ulike behov? Kurset varer i 2,5 timar og kan gjennomførast i utviklingstida til skulen. Verkstaden er gratis og er gjort mogleg av Sparebanken Møre.
Praktisk
Vi vil nytte fleire av leikane frå kursa med Leikepatruljen og i tillegg bruke tid på å knytte det opp mot faglege refleksjonar. Verkstaden kan tilpassast i lengde, men skal minimum vare i 2,5 timar. Døme på timeplan:
Vi vil nytte fleire av leikane frå kursa med Leikepatruljen og i tillegg bruke tid på å knytte det opp mot faglege refleksjonar. Verkstaden kan tilpassast i lengde, men skal minimum vare i 2,5 timar. Døme på timeplan:
14.00 - 14.45: Leik og rørsle før og no- kvifor leikar vi og kva gjer leiken med oss?
14.45- 15.30 : Inndeling i grupper, demonstrasjonar og leikar
15.30 - 16.30: Fellesøvingar, refleksjonar.
Korleis få verkstad på din skule
Vi held dette kurset for ein og ein skule og det er avgjerande at alle tilsette på kvar skule deltek. Om dykkar skule er med i Leikepatruljen har de automatisk høve til å be om verkstad. Vi strekk oss langt i å tilpasse verkstaden til skulen sin timeplan. Tilbodet er gratis. Ta kontakt her: inger@friluftsraadet.no
For nye skular er det eit tilbod til skular som vil bli med i Leikepatruljen. Da må alle tilsette på skulen først gjennomføre verkstaden i uteleik og rørsle før elevane får kurs med Leikepatruljen. Dette er for å skape større forståing og god implementering i heile organisasjonen om uteleik og rørsle.
Kurshaldarane:
Inger Bakke. Bakke er utdanna skodespelar og har turnert for Den kulturelle skulesekken i 15 år. Ho er no tilsett i Sunnmøre friluftsråd som prosjektleiar for «Slå på ringen» der ho har leia Leikepatruljen sidan 2019. Ho har lang erfaring som kurshaldar og er særleg engasjert i barn og vaksne sitt forhold til leik, natur og kreativitet. Ho brenn for kvar og ein sitt eige initiativ, utfordre og å legge til rette for enda meir rørsle og kreativitet. God vegleiing av den vaksne er avgjerande for å vekke den gløymte leiken til liv igjen.
Viggo Solum. Solum er utdanna skodespelar og har vore aktiv utøvar og kurshaldar i 30 år. Han har særleg erfaring med fysiske uttrykk og har undervist ved dramalinja ved Fagerlia vidaregåande skule i 10 år. Solum brenn for leik, kreative løysningar og utforsking. Bakke og Solum har samarbeida i kunst- og kulturprosjekt i 20 år.