Friluftsskolen4.jpg

Stafsethneset (Ålesund) 2021 >

Friluftsskule for barn i alderen 11 til 13 år med base på Stafsethneset i Ålesund. Friluftsskulen vert gjennomført i veke 25; måndag 21. juni til fredag 25. juni

Litt om friluftsskulen

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca. kl 0900-1600 ,med ein avsluttande overnattingstur frå torsdag til fredag. Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Orientering
  • Tur
  • Leikar
  • Læring om marin forsøpling blir også tema

Tal deltakarar: Til saman er det 20 plassar på Friluftsskulen i Stafsethneset.

Leiarar: Det er svært dyktige leiarar på friluftsskulane. På denne friluftsskulen blir det gjensyn med leiarane frå 2020:  Louise Holmelund Tackmann, Jan Vidar Øyen og Ingrid Rui. Eventuelle spørsmål om friluftsskulen kan sendast til koordinator Ellen Marte Solem, på e-post friluftsskule@friluftsraadet.no eller ein tek kontakt på tlf: 410 46 805

Tidspunkt: Måndag 21. juni til og med fredag 25. juni

  • Måndag: Bli kjent leikar, vedhogging, spikking, mat på bål
  • Tysdag: Orientering, kajakkpadling
  • Onsdag: Ekspedisjon/tur
  • Torsdag til fredag: Overnattingstur

Dette er førebels vekeplan, med atterhald om endringar. Utfyllande informasjon med dagsplan, pakkeliste, turmål og informasjon om smitteførebyggande rutiner i forhold til Covid-19 vert sendt til påmeldte deltakarar.

Deltakarpris: Totalt 500 kr. per deltakar. 

Påmeldingsfrist: Frist 12. juni
NB! Denne friluftsskulen er svært populær og har vore fullteikna dei siste åra. Det er difor lurt å melde seg på så raskt som råd!

Påmeldingsskjema:
Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen.
(12-timar plassgaranti: Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn  så garanterer vi plass til to søsken eller to vener som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen. Melder du på ein og det er fullt når du melder på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar plass til nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar. 

Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under, ha difor betalingskort klart når du fyller ut.

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.