118518244_337742374017520_3410239378068134569_n.jpg

Frivilleg ryddig i fjøra?

Å rydde plast i fjøra er ein flott aktivitet! Du får alt på ein gong: Fysisk aktivitet, frisk luft, og den gode kjensla av å vite at du gjer ein viktig jobb. Kjekt er det også!

Sunnmøre har ein lang kyst der det mange stader hopar seg opp med plastsøppel. Sjølv fjører som er rydda tidlegare, får gjerne nye forsyningar med vind og bølgjer. Likevel nyttar det å rydde: Kvar einaste plastbit som blir fjerna, er ein mindre som kan blir til mikroplast.

Ver alltid minst to saman når det skal ryddast, men husk koronareglane og pass på å halde nødvendig avstand om ikkje alle høyrer til i same kohort.

Dersom det blir rydda mykje, kan Skjergardstenesta hjelpe til med henting etter påske. Då må avfallet vere samla i depot på 8-10 sekkar som er forsvarleg sikra slik at dei ikkje blir tatt av flo eller vind. Depota må ligge slik at der er råd å kome til med båten, gjerne ved svaberg med god djupne utanfor. Send informasjon med koordinatar, eller avmerka på kart, kvar depotet er på e-post til: annhelen@friluftsraadet.no

Dersom de er ei større gruppe som vil rydde, kan de gjere det ved å dele dykk opp i mindre grupper på inntil 5 personar og lage «stafett-rydding»: Kvar gruppe merkar av i terrenget kor langt dei har rydda, og neste gruppe ryddar vidare derifrå. På denne måten kan lengre strekningar av strandsona bli rydda. 

Det er viktig å samle kunnskap både om omfanget av marin forsøpling og kvar det er rydda. Derfor ber vi om at de registrerer området de ryddar på Rydde: https://ryddenorge.no/ (Hold Norge Rent sin ryddeportal), eller send informasjonen på e-post til: annhelen@friluftsraadet.no, mobil: 468 08 487.

Lykke til! #likefinsomfør#