Heroey_nytt_medlem_i_friluftsraadet.jpg

Triveleg besøk i Herøy, komande nytt medlem i Sunnmøre friluftsråd. Frå venstre: Merethe  Hjertø Flusund, Ole Magne Rotevatn, Hilde Gråberg Bakke, Anne Berit Støyva Emblem og Bjørn Prytz.

Stikk UT! i Herøy i sommar

Frå 1. mai i år kan du også gå Stikk UT! turar i Herøy. Kommunen har vedtatt å melde seg inn i Sunnmøre friluftsråd, og førebuingane har starta.

Medlemsskap

Formelt er det årsmøtet i april som må godkjenne opptak av nye medlemskommunar. Men sidan det er eit uttalt mål å få alle kommunane på Sunnmøre med i fellesskapen, tek vi sjansen på å starte arbeidet med å inkludere Herøy i den komande Stikk UT! sesongen. Dagleg leiar i friluftsrådet og fagansvarleg for Stikk UT! har allereie vore på hyggeleg besøk i kommunen, med gjensidig utveksling av informasjon og synfaring til eit par av dei fine sentrumsnære friluftsområda.

Herøy har eit eldorado av flotte turmål, og frivillige, lag og organisasjonar har alt gjort ein fantastisk jobb med med å lage turforklaringar, skilte og merke turmål. Største utfordringa blir å velge ut dei 15 turane som får vere med i første sommarsesongen av Stikk UT! i kommunen.

Som medlem får Herøy del i alle tilboda frå friluftsrådet. Spesielt Skjergardstenesta og arbeidet mot marin forsøpling blir viktig i kystkommunen, men også dei andre friluftslivstilboda frå friluftsrådet.

Velkomen Herøy - vi gler oss.