Bilde-av-a_og_778_rets-krus.png

Utsett levering av krus/skåler

Utlevering av årets Stikk UT! krus og -skåler blir endå meir forseinka enn først frykta. Fabrikken måtte stenge ein periode pga. korona, og no blir det ikkje utlevering til kommunane før i januar.

2020 har vore eit vanskeleg år for fabrikken som produserer Stikk UT! krus og skåler. Dei måtte mellom anna stenge ned då koronapandemien kom. Friluftsråda  fekk då lovnad om at varene ville kome tidleg i desember, men no viser det seg altså at dei ikkje greier å levere alt før jul.

Vi veit at mange har planlagt å gi krus eller skål i julegåve. Derfor har vi laga eit gåvekort som kan skrivast ut som erstatning i første omgang. Her er meir informasjon og lenke til gåvekort: Krusutlevering i januar (stikkut.no)