12_gjester_tuehuken.jpg

Stemningsfulle førjulskveldar

Førjulskveldane i Skodje og på Tueneset i Ålesund er over, begge med mange besøkande. Stemninga var god og det såg ut til at både små og store trivdes. I veke 50 er det Vestnes, Aksla i Ålesund, Ulsteinvik, Stranda, Hornindal og Sæbø som får besøk av nissane frå friluftsrådet.

To av totalt åtte førjulskveldar rundt om på Sunnmøre er no avvikla, begge i nydeleg ver. Ved Gomerløa i Skodje var 69 personar samla, og Stetteblåserane sørga for ekstra julestemning. Ved Tuehuken Torg var vi 80 stk., men heldigvis nok plass til å følgje smittevernsreglane. Her gleda Jan Vinje oss med julemusikk. Både besøkande og friluftsnissar har storkosa seg med bål, gløgg og god julestemning under nattehimmelen. Mange har prøvde seg på enkel juleverkstad, og dei aller fleste fekk seg ein latter i nisseløypa. Vi vonar på godt besøk også på resten av førjulskveldane. Ta med kopp og hovudlykt/lommelykt og kom! Du må gjerne pynte deg med nisselue. Vel møtt!