vinterfottur.jpeg

Stikk UT! til fots i vinter

Mange har spurt etter det lenge, og no blir det: Vi lanserer Stikk UT! Vinterfottur 15.desember! Dette er ein prøvesesong, som går parallelt med Stikk UT! Ski, altså til 2. påskedag. Ja takk, begge delar!

Vinteren kan vere svært ulik rundt om i medlemskommunane til friluftsråda. Nokre stader er snøsikre og har flotte, preparerte skiløyper å tilby, andre stader er der nesten ikkje snø i det heile. Men å kome seg ut på tur er uansett like viktig om vinteren som i sommarhalvåret. 

Derfor vil vi no prøve ein sesong med vinterfotturar til turmål som vanlegvis kan gjennomførast til fots også på vinterstid. Dette er i hovudsak enkle nærturar, dei fleste av dei er også med i hovud-Stikk UT! om sommaren. Det er frivillig for kommunane om dei vil vere med i denne prøvesesongen, og på Sunnmøre har dei fleste sagt ja. 

Det er fritt fram å delta i Stikk UT! både på ski og til fots, det blir eigne topplister for kvar av turformene på stikkut.no. Hugs at du går tur på eige ansvar, anten det er til fots eller på ski, og at det er viktig å kle- og sko seg etter forholda. Bruk gjerne broddar på isete underlag.

Her kan du lese meir: Nytt Stikk UT! -konsept i vinter