Vi startar i Gomerløa i Skodje allereie 1. desember. Nissane frå friluftsrådet har fyr på bålet og gløggen klar frå kl. 17.30. Undervegs er det laga til nisseløype for dei som har lyst til å prøve den, og kven veit: Nissar kan finne på litt av kvart, så kanskje dukkar det opp overraskingar også...?
Det viktigaste er å kome seg ein tur ut og møte andre. Blide folk i alle aldrar er velkomne. Pynt deg gjerne med nisselue, bruk hovudlykt/lommelykt om du vil, og ta med eigen kopp og kveldsmat om det passar.
Viktig: Husk smittevernreglane! I friluft er risikoen for smitte mindre enn innandørs, men pass på ein-meter-regelen, sprit hendene når du kjem fram til bålplassen, og registrer deg med namn og tlf.nr.
Du finn oss her:
Tysdag 1. desember: Gomerløa, Skodje
Torsdag 3. desember: Tuehuken på Tueneset i Ålesund
Tysdag 8. desember: Kråkvika, Vestnes
Onsdag 9. desember: Aksla, Ålesund, gapahuken ved dam 2
Torsdag 10. desember: Bugardsmyrane, Ulsteinvik
Fredag 11. desember: Gapahuken i Barlia, Stranda
Laurdag 12. desember: Grillpaviljongen, Hornindal. Parkering ved skisenteret
Søndag 13. desember: Kapteinskvia, Sæbø
Tidspunkt: kl. 17.30-19.30 alle kveldane.
Alle er hjarteleg velkomne!