Utand__rs-livredningspr__ve-6-.jpg

Utandørs livredningsprøve med henting av dukke i vatnet, ilandføring og direkte til HLR under god rettleiing.

Førehandsregistrering utandørs livredningsprøve >

Med den nye fagplanen er det fokus på å gjere elevane svømmedyktige med svømming ute, og at ein skal førebygge ulykker gjennom at elevane skal kunne ferdast tryggare ved vatn gjennom miljøforståing, eigenredning og kameratredning (utandørs livredning)

Registerering av kurs for lærarar 2021

Dette er ei uforpliktande registrering av ynskje om kurs med utandørs livredningsprøve i medlemskommunane til friluftsrådet.

Tilbakemeldinga de gir her vil bli nytta for å planlegge og sette opp kurs i 2021.

Kursa vil i utgangspunktet bli finansiert gjennom eit kurshonorar/avgift per deltakar. Men friluftsrådet vil gjennom søknadar og å gjennom å fordele kostnadane arbeide for at kursa skal bli så rimelege som råd.

Kursleiar: Morten Gjerseth, instruktør Norges livredningsselskap

Kurslengd: ca 3-4 timar (teori og praktisk prøve)

Talet på deltakar: 10-15 per kurs (større kurs etter avtale)

Pris: Vi trur som ei førebels kalkyle at kurskostnaden vil ligge på rundt 1000-1500 per person.

Stad og tid: Blir sett opp i forhold til tilbakemeldingane vi får i skjemaet under

Udir.no skriv hausten 2020 at:
«Forsvarlig svømme- og livredningsopplæring i grunnskoleopplæringen Udir-1-2008 (UTGÅTT) Rundskrivet er utgått i forbindelse med innføring av nye læreplaner høsten 2020. Se svømmedyktig.no for oppdatert informasjon.

Skoleeier skal ha klare krav for skolenes svømmeopplæring, slik at risikoen for ulykker og andre farlige episoder blir så liten som mulig» 

Her kan du laste ned den nye rapporten som erstattar Udir 1-2008 for utandørs svømming og livredning i skulen: Trygg opplæring i svømming, selvberging og livredning i kroppsøving og ved bading i skolens regi

Namn:* 
E-post:* 
Skule:* 
Rolle i skulen:* 
Rektor/einingsleiar, inspektør, lærar
Kursdeltakarar:* 
Kor mange lærarar frå eigen skulen ynskjer de å sende på kurs






Ynskje om kursstad:* 
Talet på interesserte deltakarar i nærområdet vil vere viktig i forhold til kva kursstadar som vi kan sette opp. Dess fleire deltakarar frå eit område dess kortare reiseveg vil vi prøve å få til kursstaden. Men kursstaden må også vere eigna for det som vi meiner er viktig å formidle i kurset.
Fritekst: 
Her kan du skrive andre beskjedar og tilbakemeldingar til friluftsrådet.
Tegn igjen