Buldrehallen.jpg

Klatregruppe for ungdom

Har du lyst til å prøve klatring, sjølv om du har ein kronisk eller langvarig sjukdom? Om du er i alderen 15-17 år kan du i haust bli med i klatregruppa til friluftsrådet.

Det er ikkje nødvendig å vere i superform heile tida for å kunne ha det kjekt med å prøve nye fysiske utfordringar. Og sjølv om friluftsliv er fantastisk, kan det vere greit å teste ut innandørs før ein prøver seg ute.

Friluftsrådet inviterer ungdommar i alderen 15-17 år som er plaga av sjukdom til å vere med i buldrehallen på Moa og Sunnmørshallen i Ålesund for å prøve klatring. Datoane er 23. oktober, 6. november og 20. november. Du kan ta med eit søsken eller venn/venninne om du ønskjer det.