73264639_481780385761275_2718169370097352704_o.jpg

Bål og overnatting ute

Har du ein kronisk eller langvarig sjukdom, men føler deg frisk nok til å ta ei utfordring i friluft? Dersom du i tillegg er mellom 12 og 14 år har friluftsrådet eit gratis tilbod til deg.

Å lage mat saman på bål, ha gode samtalar rundt flammane, sove ute i frisk luft, dinglande i hengekøye mellom trea: Høyrest ikkje det fint ut?  Gleda over å vere ute i naturen er ikkje avhengig av lange og bratte turar eller topp fysisk form.  Også for mange som slit med helsa kan opplevingar i friluft vere eit kjærkome avbrekk. Derfor inviterer vi barn og unge med slike utfordringar til å prøve. Dei som vil kan også ta med eit søsken eller venn/venninne.

Tilbodet er avklart med Ålesund sjukehus og delt i to: Først mat på bål om kvelden den 29. oktober, og så leir og overnatting i hengekøye 7. - 8. november. Har du lyst til å prøve? Les meir og meld deg på her: