Stikk UT!Maraton 5.-13. september Fine premiar!

Stikk UT! Maraton er i gang! Kor mange turar greier vi å gå til saman i fylket frå laurdag 5. til og med søndag 13. september? Flotte premiar kvar dag i ni dagar.

Stikk UT! Maraton 2020

Det er Friluftslivets veke i heile landet 5. - 13. september! Her i Møre og Romsdal arrangerer vi Stikk UT! Maraton i 9 dagar. Vi ønsker å motivere deg til å gå ekstra mange turar. Du vel sjølv kva Stikk UT! -turar du vil gå, - gå gjerne til same turmål kvar dag. Turane vert registrerte på vanleg måte på stikkut.no og inngår i den ordinære Stikk UT! -tellinga.

Samtidig set vi opp ei eiga telling og toppliste for desse ni dagane. På den måten finn vi ut kor mange turar som blir gått denne veka, og vi og resten av landet kan sjå kor tur-glade vi i Møre og Romsdal er :-)

Du får eitt «lodd» for kvar tur du går! 
Kvar dag vert det trekt flotte friluftspremiar mellom alle dei registrerte turane. Ein tur gir deg eitt «lodd» som vert registrert automatisk på den som har gått turen. Vi trekker også fleire hovudpremiar etter vekeslutt. Premiar og vinnarar vert publiserte på heimesidene og facebook til friluftsråda i Møre og Romsdal. 
I tillegg kan alle som deltek laste ned en diplom for innsatsen.