Skjermbilde.PNG

Ferdselsforbod på Mannen

Ferdselsforbodet til politiet på Haramsøy råkar også dei som vil gå Stikk UT!-tur til Mannen. Men ikkje på kveldstid og i helgane frå torsdag ettermiddag til måndag føremiddag.

Det midlertidige ferdselsforbodet gjeld førebels fram til 24. september. I denne perioden er det forbod mot å gå opp på fjellet innanfor områda som er merka med raudt på kartet. 

Forbodet gjeld berre når det er anleggsverksemd:

Måndag: kl 1130 -1900,

tysdag: kl 0700-1900,

onsdag: kl 0700-1900 og

torsdag kl 0700 - 1500 

Du kan lese meir her: https://www.politiet.no/aktuelt-tall-og-fakta/aktuelt/nyheter/2020/08/20/innforer-opphaldsforbod-pa-haramsoya/