2020-06-01-17.44.54.jpg

Utsett til sommaren 2021: Oppdagingsferd med elvevandring >

Bli med friluftsrådet på oppdagingsferd med elvevandring for ungdom. Vi utforskar utvalde elvar oppover og innover i terrenget. Målet er å finne nye ukjente og flotte badekulpar, sjå spennande terrengformasjonar og oppdage gøymde naturperler.

Oppdagingsferd er for ungdom i veke 33


Kven: Dette er eit tilbod til ungdom i alderen 12.-15.år.
Tidspunkt: I veke 33, i tidsrommdet 10.-14.august.

Stader:
1 dag i Volda
2 dagar i Ørsta (same gruppe som får 2 ulike elvar å utforske)
1 dag i ? - kom gjerne med tips og ynskje på stad og elv!

Gruppestorleik
Av omsyn til tryggleik og koronasituasjonen blir dette eit tilbod til grupper på inntil 10 ungdommar med 2 vegleiarar frå friluftsrådet

Utstyr:
Deltakar må ha eigen våtdrakt.
Aller helst ei rimeleg våtdrakt på grunn av ekstra slitasje når ein klatrar, svøm og smyger seg mellom svaberg og steinar.
Til dømes Europris har våtdrakt til ungdom frå omlag kr 299.-

Pris:
Aktiviteten er gratis å bli med på. 
Sjå eventuelt innkjøp av billig våtdrakt som ei "deltakaravgift"

Uforpliktande førehandsregistrering
Det vert opna for påmelding i starten av august veke 32 med gjennomføring i veke 33  (dvs gjennomføring i tidsrommet 10-14.august).

På grunn av ferieavvikling er det difor flott om interesserte uforpliktande kan førehandsregistrere seg her.
Då kan friluftsrådet sende lenke til påmelding direkte på e-post når dette er klart i løpet av veke 32 (dvs 03-7.august).

Utfyllande informasjon kjem i påmeldingsskjemaet og til påmeldte deltakarar!

Atterhald
Friluftsrådet må ta atterhald om at det er stor nok interesse/nok påmeldt for gjennomføring av opplegget.
Vi må og ha eit lite atterhald om friluftsrådet si evne til gjennomføring på grunn av ferieavvikling med meir.

Dette er ei gamal informasjonsside. Tiltaket er utsett til sommaren 2021!
Namn på føresett:* 
E-post til føresett:* 
Kopi av skjemaet vert sendt automatisk til denne e-post adressa! På grunn av ferieavvikling vert det ikkje sendt anna informasjon før i veke 32. Får du ikkje tilsendt kopi av skjemaet har du dessverre skrive feil i denne e-post adressa. Då må du gjere vel og fylle ut skjemaet på nytt utan trykkleif i dette feltet.
Deltakar alder:* 




Deltakar kjønn:* 


Har deltakar rimeleg våtdrakt: 




Stad:* 



Tips/ynskje om stad: 
Har du kryssa av for anna i spørsmålet over så gjer vel og skriv namnet på stad og elv her. Friluftsrådet vil då undersøke om vi kan legge ein tur dit, avgjersle om dette vert tatt på bakgrunn av tilbakemeldingar i dette skjemaet og i løpet av veke 32
Anna informasjon til friluftsrådet? 
Tegn igjen