IMG_9642.JPG

Grunnkurs UNG kajakk 2020 >

Kajakkurs for ungdom på Eiksund i Ulstein måndag 29.-tysdag 30.juni. Dette er kurset for deg som vil lære meir om kajakkpadling, og etter kurset vil du få våttkort med padleforbundet.

Grunnkurset er for deg mellom 13.-19.år

I samarbeid med Herøy kajakklubb får du god opplæring i bruk av kajakken og utstyret.

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. 

Grunnkurset handlar om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Dersom du har eigen kajakk tilrår vi at du tar med den. Dersom du ikkje har kajakk så får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest med friluftsrådet eller Herøy kajakklubb.

Gjennom grunnkurset skal du få lære:
  • Løfte, bere, sjøsette og entre kajakken
  • Effektiv framoverpadling
  • Bakoverpadling og stopp.
  • Flytte seg sidevegs med kajakken
  • Lavt støttetak.
  • Styretak (bak).
  • Sving (sveipetak og styretak).
  • Ilandstigning.
  • Sikring av kajakk etter ilandstigning
  • Redningsteknikkar
  • Skadeførebygging
  • Planlegge enkel tur som ein skal gjennomføre
  • Generell sikkerheit og grunnleggande sjømannskap
  • Generelt om friluftsliv og allemannsretten
  • Sporlaus ferdsel
Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar. På padleforbundet sine nettsider kan du lese meir om grunnkurset

Rettleiarar: Rettleiarar frå Herøy kajakklubb
Pris: Grunnkurset er gratis
Stad: Badeplassen på Eiksund
Dato: Måndag 29.-tysdag 30.juni
Tidspunkt: ca 1000-1800

Avgrensa plassar - det er lurt å melde seg på så raskt som råd. Skjemaet stenger tysdag 23.juni

Informasjon frå friluftsrådet blir sendt etter påmeldingsfristen tysdag 23.juni.

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.