Skjermbilde.PNG


Klart for påmelding til Stikk UT! Bedrift

Trivsel, samhald og aktivitet på jobben: Det er stikkord for Stikk UT! Bedrift. Alle arbeidsplassar, både små og store, offentlege og private , kan melde seg på.

146 arbeidsplassar med til saman 3 350 deltakarar var med på Stikk UT! Bedrift i 2019-sesongen. Dei gjekk 139 734 turar i perioden 1. mai - 31. oktober. Det er imponerande, men vi håper likevel at endå fleire melder seg på i år. Stikk UT! er ein flott reiskap for å skape glede, fellesopplevingar og god helse på jobben.

Det er enkelt å bli med: Ein av dei tilsette får ansvaret som administrator og melder bedrifta på via stikkut.no. Når det er gjort, kjem ein e-post med påmeldingslenke, som skal sendast vidare til dei tilsette. Så kan dei som vil vere med akseptere invitasjonen. Les meir her:

 
download   Stikk_UT__bedrift_SFR_2020_-_Nynorsk.pdf