Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i fjor, då over 23 000 deltakarar registrerte nesten 500 000 turar! I år håper vi at endå fleire blir med. Å gå på tur i naturen er godt for det meste: Kropp og sjel, humør og livsglede. Og det er ein aktivitet dei fleste kan delta i, sjølv i denne tida då det er viktig å halde avstand og følgje smittevernreglane frå styresmaktene. Men å smile og seie hei til dei du møter er aldri feil!
I år er turkoden festa på utsida av turkassene, og bok og penn er fjerna for å hindre smittespreiing. Nytt i år er også at å gå same turen mange gonger tel like mykje som turar til fleire ulike turmål. Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt. Informasjon om kvar tur finn du på nettsida stikkut.no og i mobilappen Morotur.
Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkasser og kodar. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund.
For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. På nettsida stikkut.no fyller du ut påmeldingsskjemaet under Ny bruker, så er du i gang.Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.