20200416_153153.jpg


Ryddeutstyr til marin forsøpling

Har du lyst til å i bidra i kampen mot marin forsøpling? No kan du hente utstyr til rydding utafor lageret vårt på Kongshaugstranda 105 på Eidsneset i Sula kommune. 

HMS og koronatiltak

Ver alltid to når de er ute og ryddar, men ikkje fleire enn fem.  Hald god avstand.

Det er viktig å samle kunnskap om omfanget av marin forsøpling. Derfor ber vi om at de registrerer området de ryddar på Rydde: https://ryddenorge.no/ (Hold Norge Rent sin ryddeportal), eller send informasjonen på e-post til: annhelen@friluftsraadet.no, mobil: 468 08 487.

Godt å vite:

For ikkje å belaste reinhaldsverka meir enn nødvendig, ber vi om at innsamla avfall blir oppbevart heime, eller du kan levere det her ved sida av utstyrskassa utanfor lageret til friluftsrådet. Har du plass i eigen søppeldunk kan du bruke den.

Vi oppmodar til rydding av «små-plukk»: Plast under 10 cm, både fordi det tek mindre plass, og fordi det er like viktig å få opp som dei større tinga.

Henting av oppsamla søppel i depot:

Dersom det blir rydda mykje, og sekkane blir samla i depot på 8 - 10 sekkar, eller at det er større og vanskeleg handterbare ting, kan vi hente dette med Skjergardstenesta.

Depota må leggast slik at ein kan kome til med båt, gjerne ved eit svaberg med god djupne utanfor. Pass på at det innsamla søppelet ikkje kan takast av flo, vind og vêr.

Send informasjon med koordinatar, eller avmerka på kart, kvar depotet er på e-post til: annhelen@friluftsraadet.no

Dersom de er ei større gruppe som vil rydde, kan de gjere det ved å dele dykk opp i mindre grupper på inntil 5 personar og lage «stafett-rydding»: Kvar gruppe merkar av i terrenget kor langt dei har rydda, og neste gruppe ryddar vidare derifrå. På denne måten kan lengre strekningar av strandsona bli rydda. Frivillige lag og organisasjon kan søkje oss om motivasjonsmidlar, inntil kr 10 000,- . Kontakt Ann Helen Hellevik på e-post: annhelen@friluftsraadet.no eller tlf: 468 08 487.