Kom deg ut - men hald avstand

Det er viktig å kome seg ut i frisk luft og rein natur også no når vi må tenkje koronasmitte. Og det går heilt fint berre ein følgjer koronavettreglane til friluftslivet!

For dei som er friske er det ingen grunn til å sitte inne i påska. Det gjer godt for både kropp, sjel og humør å vere i aktivitet ute, både for store og små. Det meiner også Helsedirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Friluftsrådenes landsforbund og dei andre friluftslivsorganisasjonane. Derfor har dei gått saman og utarbeidd Friluftslivets koronavettreglar. Og styresmaktene har løyvd midlar til aktivitetstiltak i påska, som fotokonkurransen vi har på Instagram.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn seier følgjande:  Friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda har utarbeidd mange turforslag og aktivitetsforslag på heimesidene sine, og ikkje minst aktivitetar for barn og unge Ta ein titt på desse. Dei kan gjere turane rikare og synleggjere moglegheitene for friluftsliv i nærmiljøet. Du kan lese heile pressemeldinga her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/stottar-friluftsliv-i-naromrada/id2696593/