Heimepåske gir rom for uteaktivitetar, utforsking og kreativitet både i eigen hage og på nærturar. Og det er viktig både for den fysiske og psykiske helsa, også no når koronapandemien herjar. Derfor har Miljødirektoratet løyvd midlar m.a. til denne fotokonkurransen. Det er kjekt om du vil delta, ta bilde og dele tips med andre. Vi trekkjer ein vinnar kvar dag, som får premie i posten etter påske. Husk å halde avstand til andre og følg råda frå helsestyresmaktene for å unngå koronasmitte!
Dette gjer du:
Ta bilde frå nærturar/uteaktivitetar i påska
Legg ut bilde på Instagram med #nærpåske 2020
Følg med Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal på Instagram og Facebook.
Instagram:
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal: stikkut
Sunnmøre friluftsråd: sunnfriluft
Dette gjer vi:
Kårar eit vinnarbilde kvar dag
Deler vinnarbilda på Instagram og Facebook
Sender premie i posten etter påske
Temaforslag: Nærtur, vår, mat ute, fisketur, klatring, plask, leik ute, utsikt, trening, eigen konstruksjon av det du finn ute, fugleliv, dyreliv, planteliv, bål osb