OrtoMountain_2.jpg

OrtoMountain til å teikne å diskutere skredproblem og ruteval i forhold til terreng og skredvarsel

Skredopplæring 2022 >

Friluftsrådet har noko opplæringsmateriell til skred og redning

Dette er til gratis utlån til skular/barnehagar/SFO og frivillige lag og organisasjonar. 

Utlån til barn og unge vert prioritert

Dette er til dømes:

  • Sendar/mottakarar
  • Spader
  • Søkestenger
  • Dukker fylt med bobleplast
  • Feller

 Og eit plastfjell til turplanlegging og betre forståing for skredvarselet i www.varsom.no -spesielt i forhold til skredproblem og "skredrosa"/høgde.

Her kan du lese meir om fjellet

Last også ned våre presentasjonar om skikompis, vegval mm; Skikompismateriell

I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig.

Vi ber deg difor om å vente til du har motteke stadfesting frå oss. NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.

Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!

Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!

Kalenderen under viser kva tid utstyret er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.

Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss (ikkje den automatiske du får frå skjemaet) om at utstyret er ledig for deg!

Ditt namn:* 
Din skule/barnehage/SFO eller organisasjon:* 
Di e-post adresse:* 
Stadfesting på utfylt skjema blir sendt til denne e-post adressa når du klikker send inn. Dersom du ikkje mottar stadfesting så har du anten skrive feil e-post adresse, eller at stadfestinga ligg i søppelpost/spam filter i din eigen e-post server
Din mobil/tlf:* 
Målgruppe:* 











Kommune:* 
I kva medlemskommune og geografisk område skal du bruke utstyret?





















Til dato:*  Velg dato
Frå dato:*  Velg dato
Talet på dagar i bruk:* 
Deltakartal under 18.år:* 
Deltakartal over 18.år:* 
Kameratredningsspader: 
Friluftsrådet har eit assortert utval av turspader i både plast- og metall. Inntil 20 stk totalt. Desse spadene vert og nytta til dømes under snøforming. Sett kryss for kva spader du ynskjer å låne, også må friluftsrådet sjekke om det er kollisjon med anna utlån




Søkestenger: 
Søkestenger til kameratredning toler dessverre svært lite bruk. Friluftsrådet har difor alltid nokre søkestenger som er "ute av drift" -eller treng reperasjon. Du kan låne inntil 10 stk. Men skriv kor mange du ynskjer å låne også må vi sjå over kor mange som er tilgjengeleg
Dukker til søk eller framgraving: 
Friluftsrådet sine suveren dukke til kameratredningsøvingar. 4 stk kjeledressar fylt med bobleplast. Lett å transportere med seg og gir naturleg kjensle når du treff med søkestang! 2 stk kasserte overlevingsdrakter er tyngre å transportere - men desse har både hette og sko for enda meir naturleg framgraving.






Sendar/mottakar: 
Friluftsrådet har nokre eldre modellar til utlån. Dette materiellet er ikkje til turbruk, men kan lånast og brukast saman med dukkene våre til å grave ned for øving.
OrtoMountain: 
Sjå også eigen artikkel om fjellet. Fjell i "whiteboard"-materiale til å teikne og jobbe på!Svært godt eigna til å diskutere skredproblem og konkretisere skredvarselet frå varsom.no





Fritekstfelt: 
Spørsmål til Friluftsrådet? Vi har også truger og akeflak.
Tegn igjen