Fylling_av_bigbags_paa_Gjoesund.jpg


Storaksjon på Erkna og Gjøsundholmen

Når fuglane kjem tilbake neste år, får dei som hekkar i fuglereservata på Erkna og Gjøsundholmen i Giske reinare holmar å fore fram ungane sine på. I ein stor ryddeaksjon andre helga i september vart heile tre tonn (!) marint avfall fjerna. Det nyttar med stort engasjement, arbeidsinnsats og mange flittige hender. 

Mange deltok

Skjergardstenesta gjekk i skytteltrafikk med tenestebåten "Rigmor" og frakta ryddemannskapa og henta innsamla avfall. Sunnmøre friluftsråd, Runde Miljøsenter, Plastpiratane frå Lepsøya, Plastfritt Hav frå Giske, Senter for oljevern og marint miljø (SOMM), Nord helikopter og 20 frivillige deltok.  Aksjonen er også ein del av det nasjonale ryddeprosjektet til SOMM, der målet er å kartlegge, teste ut og formidle den beste praksisen for rydding, oppsamling og handtering av marint avfall på sårbare og utilgjengelege stader langs kysten. 

No er tre tonn avfall fjerna frå holmane. Men framleis er der meir att, og særleg nedgrodd isopor er eit kjempeproblem.  Men avfallet som ikkje var dekt av vegetasjon, og også mykje nedgrodd isopor, er no fjerna for godt.