Turkortheftet trykt i 2019
Turkortheftet er ei samling enkle og flotte turar i medlemskommunane til friluftsrådet. I 2019 inneheld turkortheftet 50 turar i 13 medlemskommunar.
Turkortturane er enkle nærturar for dei aller fleste. Nokre er tilnærma universelt utforma, mange er trillevennlege med barnevogn eller sykkel, og dei fleste turane høver for barnefamiliar. Målet til friluftsrådet er at turkortturane skal gi informasjon om dei nære naturperlene.
I turkortheftet finn du også eigne kapittel med god og nyttig informasjon om allemannsretten, førstehjelp på tur og bål og brannfare ved bruk av turkjøkken/stormkjøkken.
Turkortheftet erstattar turkortpermen friluftsrådet gav ut i 2015.
Vi gjer merksam på at turkortheftet ikkje eit endeleg produkt men vert bearbeida over tid. Fleire turar vil bli lagt til i nye utgåver og kommunsamanslåing i 2020 vil og føre til endringar i oppsettet. Turkortheftet blir difor trykt i mindre volum fordi turomfanget vil auke over tid.
Heftet kan kjøpast i nettbutikken til friluftsrådet
Alle turane kan du laste ned på denne sida eller via Google maps og skrive ut på eigen skrivar!