P5050287_2291.jpg

Grunnkurs for Ørskog skule 2019 >

Påmeldingsskjema til lærarar i kajakknettverket. 
Dette kurset blir gjennomført  fredag 13.sept og onsdag 02.okt

Grunnkurs hav

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. Grunnkurset handler om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. 

Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Dersom du har eigen kajakk tilrår vi at du tar med den. Hvis ikkje får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.

Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.

Friluftsrådet har nokre få våtdrakter til utlån, men du som deltakar i nettverket vil også få ein rabattavtale med Platou sport Ålesund.
Invester gjerne i ei tørrdrakt eller våtdrakt no, men det kan vere lurt å vente med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Kursleiar:  Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar:  Fredag 13.sept og onsdag 02.oktober

Tidspunkt: ca 9-17 (8 timar kvar dag) 
Vi skal prøve å få til tidlegare start, men det er litt praktiske konsekvensar i forhold til reise/ferge og logistikk med kajakkane vi må ta omsyn til

Kursstad: Skulenaustet til Ørskog skule
Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padelforbundet: Grunnkurs hav

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.