P__-fjelltur.-Stafsethneset-friluftsskule.jpg

Kom UT!

Kom UT! 2019

Sunnmøre friluftsråd inviterer til aktivitetsdagar i 5 ulike medlemskommunar i haustferien. Tilbodet er gratis for barn og unge og til inviterte skulefritidsordningar.  Bli med oss ut! Alle dagar frå kl 0900-1500

Aktivitetsdagen er eit opent tilbod for alle


Aktivitetsdagen er eit opent tilbod til  barn og unge som er gamle nok til å klare seg sjølve aleine, og som i samråd med føresette kan bli med på aktivitetar i regi av friluftsrådet. Skulefritidsordninga i dei einskilde kommunane vert óg invitert med. 

Stad 
Mandag 7.10 Stafsethneset, Ålesund
Tirsdag 8.10 Maiaskogen, Vigra, Giske
Onsdag 9.10 Årneset, Volda
Torsdag 10.10 Velle Skule, Ørsta
Fredag 11.10 Kråkvika, Vestnes

Aktivitetane som leiarane våre organiserar denne dagen er mellom anna:
Mat på bål
Spikking
Vedhogging
Vikingleikar
Taubruer
Diverse andre leiker

Opplegget vert tilpassa område og talet på barn som kjem, det gjer at det kan verte andre aktivitetar enn forslaga over.

Gjer vel og ta med

Kle til å vere ute (Varme kle/vottar/lue)
Termos med varm drikke
Grillmat, fat, kopp og skje
Sitteunderlag
Godt humør og gjerne ein kompis

Lurar du på noke? Ta gjerne kontakt med ansvarlig for komUT 2019, Ingrid Rui på tlf: 99596928

Presisering og avgrensing

Det er ikkje påmelding til denne aktivitetsdagen. 

Friluftsrådet sine leiarar er tilstades i tidsrommet 0900-1500.
Leiarane vil sjå til at alle born og unge som er i området har det kjekt, og får tilbod om å delta i aktivitetar og grilling.
Sidan det ikkje er påmelding kan friluftsrådet ikkje ha ansvar for einskilde born i forhold til om, eller når dei kjem og går. 
Borna må difor vere gamle nok til å klare seg sjølve og deltek på aktivitetsdagen i samråd med sine føresette.
Borna kan kome og gå som det passar, men det er sjølvsagt kjekkast om dei er med heile dagen og kjem ved oppstart.