P5050287_2291.jpg

Grunnkurs for Hatlane skole 2019 >

Påmeldingsskjema til lærarar i kajakknettverket. 
Dette kurset blir gjennomført torsdag 19.sept og fredag 20.sept

Grunnkurs hav

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. Grunnkurset handler om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Dersom du har eigen kajakk tilrår vi at du tar med den. Hvis ikkje får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.

Ta med godt med mat og drikke (kaldt og varmt). Ta også med ekstra tøy i vanntette poser. Du må enten ha våtdrakt eller tørrdrakt.

Friluftsrådet har nokre få våtdrakter til utlån, men du som deltakar i nettverket vil også få ein rabattavtale med Platou sport på Moa.
Invester gjerne i ei tørrdrakt eller våtdrakt no, men vent gjerne med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Kursleiar:  Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: Torsdag 19.sept og fredag 20.sept
Tidspunkt: ca 9-17 (8 timar kvar dag) 
Vi skal prøve å få til tidlegare start, men det er litt praktiske konsekvensar i forhold til reise/ferge og logistikk med kajakkane vi må ta omsyn til

Kursstad: Førebels alternativ er Apalvika ved Bogneset eller Stafsethneset
Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padelforbundet: Grunnkurs hav

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Nettverksskule
Nettverksskule:* 

















Våttkortutdanninga er knytt til deg personleg. Vi treng din personlege informasjon for å registrere dette med padleforbundet.
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Adresse:* 
Postnummer:* 
Poststad:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Fødselsdato:* 
dd.mm.år
Velg dato
Kjønn:* 


Medlemsklubb: 
Fyll berre ut om du er medlem av ein padleklubb registrert i Norges padleforbund
Vil motta e-post:* 
Gjeld informasjon frå Norges padleforbund


Våttkortnummer: 
Utdanninga di i våttkortstigen er knytt til deg personleg og til det nummeret som står på våttkortet. Har du allereie våttkort med padleforbundet er det difor viktig at du skriv våttkortnummeret ditt her så vi får registrert kurset rett i systemet. Nummeret står trykt på kortet ditt. Har du ikkje våttkort let du feltet stå opent.
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Kajakkerfaring:* 
Kva kajakkerfaring har du frå før?



Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.