Stikk UT! - maraton

I samband med Friluftslivets veke (31. aug - 8. sept) inviterer vi nye og gamle Stikk UT! - deltakarar med på ei spennande utfordring. Gled dykk til ei veke med mykje turaktivitet!

Stikk UT! - maraton går ut på å gå så mange Stikk UT! -turar som råd i løpet av Friluftslivets veke. Denne veka blir friluftsliv sett  på dagsorden, og dette er vårt bidrag blant mange små og store arrangement rundt om i heile landet.

Frå og med laurdag 31. august til og med søndag 8. september ønskjer vi å motivere til å gå ekstra mange turar. Du bestemmer sjølv kva for Stikk UT!-turar du vil gå, og det er heilt greit å gå til samme turmål kvar dag. Det er talet på turer som tel, ikke talet på ulike turmål. Turane skal registrerast på vanleg måte og blir med i den ordinære Stikk UT! -tellinga. Samtidig set vi opp ei eiga telling og toppliste for desse ni dagane. På den måten finn vi ut kor mange turar som blir gått denne veka, og vi kan vise resten av landet kor tur-glade vi i Møre og Romsdal er. Samtidig blir dette ei utfordring til kvar og ein av oss om å legge inn nokre ekstra Stikk UT! -turar i ei tid på året då det kan vere lett for at tur-aktiviteten dabbar av.

Dette er også eit fint høve for dei som ikkje har gått sju turar enno til å oppnå kravet for å kunne kjøpe det populære Stikk UT!-kruset (sju turar for vaksne, seks for barn under 10 år.)

Og for dei som går på tur, men som ikkje har brydd seg med å registrere kodar: Dette er veka til å starte med det på! Kvar dag blir det trekt ut flotte premiar blant alle registrerte turar. I tillegg får alle som registrerer sju eller fleire turar diplom for innsatsen.

 
download   Stikk_UT_-_Maraton_Plakat_A3_juli2019.pdf