Skjermbilde_haust.PNG


Haustens Naturlos er klar

Likar du å bli kjent med folk og å gå tur i selskap med andre? Då har du mykje å velge mellom utover hausten. I Naturlos finn du informasjon om ei rad turar det er gratis å vere med på, det er berre å møte opp!

Med støtte frå Friluftsrådenes Landsforbund og Møre og Romsdal fylkeskommune, gir Sunnmøre friluftsråd ut to aviser kvart år med informasjon om turar og friluftslivsarrangement i medlemskommunane våre. Dei fleste er i regi av ulike lag og organisasjonar. Første avisa kjem i starten av mai, den andre i starten av august. Avisene kjem som innstikk i avisa Nytt i Uka i dei kommunane avisa dekkjer. I dei andre bli avisa distribuert ut i postkassene til husstandane. I tillegg finn du avisa på nettsida til Sunnmøre friluftsråd, og vi publiserer informasjon om enkeltturane på Facebook-sida vår.

Haustens Naturlos kjem i Nytt i Uka onsdag 7. august. Napp ut og ta vare på den, slik at du ikkje går glipp av turar som er aktuelle for deg. I dei av medlemskommunane våre som Nytt i Uka ikkje dekkjer, kjem Naturlos i postkassene torsdag 8. august. Gi beskjed om den manglar i di postkasse! 

Les Naturlos august-november 2019 her:


 
download   Naturlos_aug-nov_2019.pdf