P5050287_2291.jpg

Ekstra plassar ved Hessa skole 16.- 17.august 2019 >

Påmeldingsskjema til lærarar i kajakknettverket. Dette er ledige ekstraplassar ved kurset som vert arrangert ved Hessa skole

Grunnkurs hav

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. Grunnkurset handler om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Dersom du har eigen kajakk tilrår vi at du tar med den. Hvis ikkje får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.

Ta med godt med mat og drikke (kaldt og varmt). Ta også med ekstra tøy i vanntette poser. Du må enten ha våtdrakt eller tørrdrakt.

Friluftsrådet har nokre få våtdrakter til utlån, men du som deltakar i nettverket vil også få ein rabattavtale med Platou sport på Moa.
Invester gjerne i ei tørrdrakt eller våtdrakt no, men vent gjerne med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Kursleiar:  Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes

Kursstad: Skulenausta ved Hessa skole
Kurset kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padelforbundet: Grunnkurs hav

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.