Padlefestivalen vert gjennomført med spelemidlar til barn og unge gjennom Friluftsrådenes Landsforbund. Alle aktivitetar og kurs er difor gratis
Tysdag 13.august kl 10-16 Padlefestival UNG på Eiksund i Ulstein
Denne dagen er det berre å kome for å prøve kajakk, bade og halde på med aktivitet ved badestranda på Eiksund.
Prøve på kajakk?
Verkar kajakk spennande og du har berre lyst å prøve litt så er dette rette dagen!
Kvar heile og halve time kan du få prøve kajakkpadling saman med vegleiarar som gir litt tips undervegs
Denne dagen sett vi også opp to lavvoar på stranda til jente- og gutelavvo som skifte- og omkledningsrom!