Utand__rs-livredningspr__ve-2-.jpg

Dukke for HLR trening ventar på land, medan ein først må springe og symje ut til der den "forulykka" sist vart sett.  Detter dykke ned for å hente dukka på botnen og frakte medvitslaus person(dukke) til land. 

Utandørs livredningsprøve 2019

I samarbeid med Morten Gjerseth arrangerte friluftsrådet kurs og opplæring for eigne tilsette i farevurdering ved vatn og hjarte-lungeredning. Kurset vart avslutta med utandørs livredningsprøve

Kurset vart gjennomført på Stavsethneset friområde i Ålesund

Utand__rs-livredningspr__ve-1-.jpg

Motten Gjerseth fortel om drukningsulykker og farevurdering ved vatn

Kva kan vi lære av drukningsulykker og korleis førebygge nye

Morten Gjerseth gir god informasjon om moment ein bør vite og tenke på i forhold til drukningsulykker og farevurdering med barnegrupper ved sjø og vatn.

Dersom nokon havnar i vatnet er det viktig å jobbe etter livredningsprinsippet:
  1. Strekke ut
  2. Kaste ut
  3. Svømme ut
Utand__rs-livredningspr__ve-3-.jpg

Full fart ut for å redde den "forulykka"

Realistisk øving og full innsats

Utand__rs-livredningspr__ve-5-.jpg

Ilandføring av medvitslaus person (dukke) etter å ha henta denne opp frå botnen

Ilandføring av medvitslaus person

Utand__rs-livredningspr__ve-6-.jpg

HLR - Undersøke åndedrett. Morten Gjerseth følgjer med og rettleiar kvart moment i behandlinga

BLÅ 3 2

BLÅ 3 2 er ei hugseregle for hjarte-lungeredning

B - bevist. Får du kontakt med den skadde?
L - luftvei. Hovudet litt bakover, fysisk opne munnen på den skadde og sjekk at luftvegane er frie
Å - åndedrett. Legg øret heilt ned til munnen på den skadde. Hør, sjå på brøstet, føle på kinnet om det er pust.

Pusten skal vere regelmessig og djup nok.

Dersom pasienten ikkje pustar ring 113 og sett på høgtalar, eller få nokon andre til å ringe, og sett i gang hjartekompresjon.

Ved drukning og barn som ikkje pustar - først 5 innblåsingar. Detter 30 hjartekompresjonar og 2 innblåsingar til du får assistanse.
Utand__rs-livredningspr__ve-8-.jpg

HLR - Hjartekompresjon.

HLR

Utand__rs-livredningspr__ve-9-.jpg

Godt med varm mat etter å ha gjennomført livredningsprøva. Friluftsrådet er stolt av å ha dyktige folk  i arbeidet vårt. Frå venstre: Ingrid, Astrid, Sunniva, Ingrid, Kristian og Helge

Varm lunsj etter velukka bading og livredningsprøve