Stikk UT! Bedrift har blitt ein stor suksess, og vi ønskjer både tidlegare og nye arbeidsplassar velkomne til ein ny sesong når startskotet går 1. mai!
Stikk UT! Bedrift passar for arbeidsplassar som vil forebygge sjukefråver, motivere dei tilsette til fysisk aktivitet og, ikkje minst, gi dei gode naturopplevingar. Sunnmøre friluftsråd får tilbakemeldingar om færre sjukedagar, auka trivsel og hyggeleg fellesskap med turprat i lunsjpausane frå bedrifter som er med.
Stikk UT! Bedrift passar både for arbeidsplasser i det private næringslivet, i det offentlege, og for lag og organisasjonar. Det er berre å glede seg til alle dei fine turopplevingane som ventar!
Her er meir informasjon og skjema for påmelding:
![]() | StikkUT-Bedrift_SFR_april2019.pdf |