20190320_201114.jpg

Styret i 2019. Frå venstre: Janet Roelofs (Ørskog), Jarle Hauge Steffenssen (Ålesund), Karen Høydal (Ørsta), Modolf Hareide (Skodje), Trygve Holm (Sula), Jostein Dalen (Stranda), Birger Honningsvåg (Giske), Skafti Helgason (Vestnes), Solveig Linge Stakkestad (Norddal), Eva Hove (Stordal) og Vebjørn Krogsæter (Haram). Knut Erik Engh (Ulstein) og Tollak Mikal Kaldheim (Volda) var ikkje til stades.

Årsmøtet 2019

Alle 13 medlemskommunane var representerte på årsmøtet til Sunnmøre friluftsråd onsdag 20. mars. I år var Stranda kommune vertskap. Før møtet var det tur til det statleg sikra friluftsområdet Helsemvika. Der var det servering av bålkaffi og sjokolade, og orientering om arbeidet som er gjort for å gjere området attraktivt og tilgjengeleg for publikum.

Årsmøtet er eit viktig høgdepunkt der det blir gjort opp status for året som gjekk, og planane for året som er i gang blir godkjent. Det er også ein viktig arena for å gjere arbeidet til friluftsrådet endå betre kjent i medlemskommunane. Kvar kommune kan sende to utsendingar til årsmøtet, i tillegg til styrerepresentanten.

I friluftsrådet er det sjølvsagt å legge inn ei synfaring til eit aktuelt friluftslivsområde før kvart årsmøte. Dette er eit fint høve til å lære og bli inspirert av kvarandre. Helsemvika, sør for Stranda sentrum, er eit nydeleg område som er mykje brukt både av lokalbefolkninga og av tilreisande. I løpet av året er planen å få sett opp ein stor gapahuk/grindbygg her, dersom friluftsrådet får innvilga søknaden til det.

Årsmeldinga er eit viktig dokument som speglar aktiviteten til friluftsrådet i året som gjekk. 
Årsmeldinga 2018 kan du lese her:  
 
download   AArsmelding_2018.pdf