Ungdomskajakkar 2019 >

Flotte kajakkar til gratis utlån, for skular og lag og organisasjonar

Gjer vel og sett deg inn i informasjonen under:

Du får låne eit standardoppsett av  kajakkar og utstyr for ungdom og vaksne.

Utstyret er innkjøpt våren 2017 med støtte frå Gjensidigestiftelsen!

Friluftsrådet kjem difor til å vere strenge på at du som lånetakar tek godt vare på utstyret og leverer dette tørt og reint tilbake, slik at vi unngår unødig slitasje.

Kapasiteten på dette utstyret er 14 personar (til dømes 12 ungdommar og 2 vaksne)
I skjemaet under må du stadfeste at du har lasta ned rettleiaren for ungdomskajakkane og  sjekka tilhengerkalkulatoren til Statens Vegvesen.

Her lastar du ned rettleiaren: Utlån ungdomskajakk2019

Her er lenke til tilhengerkalkulatoren
Tilhengaren har registreringsnr AC 8810

Du får låne:

  • Kajakkhengar
  • 10 Current Design Sirocco
  • 4 Current Design Storm
  • 15 faste årer (ei reserve åre)
  • 1 delt åre (ekstra åre på tur)
  • 2 rumpetaske med slepeline (ca 6m)
  • 1 kasteline 15m
  • 5 safety-kit (årepose, pumpe mm)
  • 2 Regatta action explorer padlevest (+ 90 kg)
  • 5 Regatta action explorer padlevest (70-90 kg)
  • 12 Regatta action explorer padlevest (50-70 kg)
  • 1 boks med svampar
  • 2 Spruttrekk (til leiarane)
  • 12 pakkstropper ~3,5 m til kajakkane
NB! Kajakkane vil i perioder vere mykje i bruk av friluftsrådet i år i eit prosjekt for meir og betre kajakkundervisning i skulen!
57 lærarar og 17 skular er med i dette nettverket for skulen!

I periodar nettverket treng kajakkane er dei desverre ikkje tilgjengeleg til utlån. Men send skjemaet under så skal vi svare så raskt vi kan.

Kompetansekrav
Frå 2020 vil det verte krav om våttkort eller tilsvarande kompetanse for å få låne kajakkane til friluftsrådet. Har du ikkje våttkort vil vi tilrå at du startar å orientere deg om moglege kurs så raskt som råd. Ta evt kontakt med christer(a)friluftsraadet.no for å bli med på friluftsrådet si satsing og søknadar om utdanne lærarar og leiarar til aktivitetsleiarar i våttkortstigen til padleforbundet.

Ditt namn:* 
Namn på din organisasjon/skule/barnehage/SFO:* 
Di e-post adresse:* 
Ditt telefon/mobil nr:* 
Kryss av for målgruppe:* 











Kommune:* 
I kva kommune skal du bruke utstyret?














Frå dato:*  Velg dato
Til dato:* 
Hugs å legge inn to dagar ekstra for skylling og tørk av vestar, spruttrekk, padlemuffer mm
Velg dato
Dagar i bruk:* 
Av lånetida - kor mange dagar er utstyret i bruk?
Deltakarar under 18.år:* 
Kor mange deltakarar blir med på opplegget?
Deltakarar over 18.år:* 
Kor mange deltakarar blir med på opplegget?
Eg har laste ned og lest rettleiaren:* 
Eg har lasta ned og lest rettleiaren om ungdomskajakkane som friluftsrådet har skrive. (Rettleiaren finn du ved å klikke på lenka øvst på sida her)

Eg leverer utstyret tørt og reint:* 
Eg forpliktar meg til å tørke ut av kajakkane, og tørke vestar og anna utstyr før det blir returnert. Mottar eg utstyret vått tek eg det ut så det ikkje ligg vått i hengaren. Eg er innforstått med at friluftsrådet kan fakturere arbeidstid for å tørke og/eller pakke om utstyret dersom det ikkje er pakka jamfør rettleiaren

Eg kan køyre kajakkhengaren:* 
Eg har sjekka med tilhengerkalkulatoren til Statens vegvesen at eg har løyve til å køyre med denne kajakkhengaren på slep

Kompetanse:* 
Frå 01.01.2020 innfører friluftsrådet minimum grunnnkurs kajakk eller tilsvarande dokumenterbar erfaring for å få låne utstyret.





Beskjed til friluftsrådet: 
Fritekstfelt for meir informasjon til friluftsrådet. Har du kryssa av for ANNA på kompetanse kan du forklare kva dette er her.
Tegn igjen
Sprutrekk:* 
Hengaren er som standard utrusta med berre 2 spruttrekk til leiarane. Dersom du ynskjer å låne 12 ekstra sprutrekk til alle deltakarane krysser du av her.


Padlemuffer:* 
Hengaren er ikkje utrusta med padlemuffer. Ynskjer du å låne 14 par padlemuffer krysser du av her. NB! Du må telje over at det ligg 14 par muffer i plastbakken både ved levering og retur. Manglar padlemuffar når vi ser over utstyret vert dette fakturert deg som lånetakar.