DSC00761.JPG

Bli med i Leikepatruljen!

Leikepatruljen gratis til alle skulane

Rett før jul fekk friluftsrådet beskjeden om at Gjensidigestiftelsen innvilgar søknaden vår om midlar til prosjektet Leikepatruljen. Heile 2,5 millionar kroner får vi til bruk dei komande åra for å få til meir fysisk aktivitet, mindre mobbing og auka trivsel på barneskulane.

Målet til Leikepatruljen er å få barn til å bevege seg meir i løpet av skuledagen, gjennom leik i frikvartera. Dei eldste elevane kan søkje og å bli patruljeførarar, og dei utvalde får opplæring. Oppgåvene deira er å sette fart i leiken for dei yngre elevane. På den måten er Leikepatruljen også med på å skape sosiale relasjonar på tvers av alder, kjønn og sosiale forhold.

Aktive barn trivst betre

Fleire undersøkingar viser at det er samanheng mellom barns trivsel og graden av fysisk aktivitet. Aktive barn er flinkare sosialt i lag med andre. Dei likar seg på skulen, har færre sjukedagar og har meir gå-på-mot enn inaktive barn.

Fysisk aktive barn føler seg også mindre einsame, har meir sjølvtillit, og har lettare for å få venner enn inaktive barn. Erfaringa viser også at barns grunnlag for å lære noko i timane, blir vesentleg betra når dei er fysisk aktive i det daglege. Det er i høg grad i barndommen og i dei tidlege ungdomsåra at dei sunne vanane blir grunnlagt.

Betra fysisk trivsel gir ein rolegare kvardag i skulen og færre konfliktar. Dei ulike klassetrinna kjem tettare på kvarandre, og dannar nye sosiale relasjonar gjennom aktiv leik og glede. Leikepatruljen kan kanskje også medverke til at dei eldre elevane tek leiken til seg igjen, og at dei yngste ikkje slepp leiken i tidleg alder, slik det skjer mange stader på landets skular i dag.

I takt med kulturelle og samfunnsmessige endringar, veks uroa for helsa til befolkninga. Særleg er manglande fysisk aktivitet, overvekt og psykiske vanskar hos barn sentrale spørsmål.

Mange kommunar har alt nytta seg av tilbodet om å gi alle skulane i kommunen leikepatruljar, men vi ønskjer fleire med.

Kontakt  prosjektleiar Stig Johansen på stig@friluftsraadet.no eller på mobil 91 31 55 07 for å få informasjon om korleis de kjem i gang. 

Les meir ved å følge linken "Kva er leikepatruljen"