Følgjande kommuner vil ha Stikk UT! Ski-løyper på Sunnmøre: Ørsta,
Volda, Stranda, Norddal, Stordal, Ålesund, Ørskog, Vestnes og Skodje. På Nordmøre og i
Romsdal er desse med: Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Gjemnes, Halsa, Molde,
Fræna, Kristiansund, Nesset og Rauma. Lesja kommune er også med og har mange
fine turar i Bjorli-området.
Sesongen starta 15. desember og varer til 2. påskedag. I byrjinga av desember blir stikkut.no lagt om til vinterutgåva, og her vil de finne oversikt over årets turmål. Registrering av turane gjerast på same måte som i sommarsesongen. Pga arbeid med appen har det vore litt tekniske problem i byrjinga, men no skal det fungere som før. Viss ikkje kan ein bruke stikkut.no. På løyper.net kan ein finne informasjon om når løypene sist blei trakka.
Det er berre å krysse fingrane for godt skiføre framover!
God tur!